Om stillinga som Teknisk sjef:
Som einingsleiar for tekniske tenester vil du ha ei sentral rolle i drift og vidareutvikling av kommunen. Du vil ha ansvar for å leia teknisk eining, med eit dyktig team på om lag 100 tilsette med variert og brei kompetanse innan tekniske fag. Teknisk sjef rapporterer til rådmann Anita Hesthamar og er ein del av leiargruppa hennar.
Teknisk sjef får eit breitt fagområde som spenner frå bygg og eigedom, drift av kommunale anlegg og infrastruktur til brann og redningsteneste. Dei ulike fagområdene har eigne leiarar. Kommunen har i dag ein bygningsmasse på 76000 m2 og nyleg vedteke ein eigedomsstrategi med langsiktige mål og strategiar for eigedomsverksemda.
Me ser for oss at du har følgjande formell kompetanse og erfaring med deg:
- Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Teknisk kompetanse med god forståing av ingeniørfag som feks. bygg, VA samt drift av kommunale anlegg og infrastruktur
- Relevant arbeidserfaring frå teknisk verksemd, gjerne både frå kommunal og/eller privat sektor
- Kan visa til gode resultat som leiar, helst også erfaring frå å leia leiarar og utvikla team
- Erfaring med budsjettering, økonomistyring, prosjektstyring og innkjøp
- Interesse for og kunnskap om ny teknologi og digitalisering
- Innsikt i samfunnsplanlegging og forståing for innbyggjarane sine behov og forventningar
- Kjennskap jtil bærekraft- og miljøvenlege løysingar
Viktige personlege eigenskapar:
- Engasjement og interesse for fagfeltet tekniske tenester
- Brukarorientert og med eit ønske om å tilby gode tenester til innbyggjarane
- Evne til å samarbeida godt med interne og eksterne aktørar
- Endringsvilje og fleksibilitet
- Evne til å ta informerte og strategiske avgjersler og har gjennomføringsevne
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
Me tilbyr:
- Sterke fagmiljø og medarbeidarar med høge faglege kvalifikasjonar
- Stor påverknad på utviklinga av kommunen og lokalsamfunnet
- Eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Er du nysgjerrig, og vil vite meir om stillinga som Teknisk sjef i Kvam kommune, er du velkommen å ta kontakt med våre rådgjevarar i Bønes Virik, Liv Braathen på 488 49 499 eller Hege Solbakken på 911 04 141.