No søkjer vi ein erfaren, uredd og operativ dagleg leiar for å bygge selskapet vidare etter en god start.
Me er på jakt etter deg som:
- Ynskjer å leia eit nystarta og verdiskapande selskap i Hardanger.
- Kan utvikla eit sterkt selskap gjennom sal og distribusjon av reiselivsprodukta i regionen.
- Har god økonomi- og forretningsforståing.
- Er effektiv og har god gjennomføringsevne.
- Er sosial og byggjer nye relasjonar lett.
- Evne til å forstå reiselivsrelaterte bedrifter i Hardanger sine behov.
- Har eit sterkt samfunnsengasjement.
- Trivst med å vera leiar med fokus på å byggja verdi, fellesskap og oppslutnad.
- Har struktur nok, men samtidig er fleksibel og trivst med ein uføreseieleg kvardag.
- Gjerne har erfaring frå sal- og/eller marknadsføring og har forståing for bruk av digitale verktøy og historieforteljing.
Ønska kvalifikasjonar og bakgrunn:
- Relevant utdanning og erfaring.
- Relevant leiarerfaring med gode resultat, samt gjerne også styreerfaring.
- Erfaring med handtering av media.
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne i norsk og engelsk.
Me tilbyr:
- Moglegheit til å vera med å løfta og setja retning for ei berekraftig reiselivsutvikling i Hardanger.
- Ein arena for å skapa begeistring kring ambisiøse strategiske mål og realisera desse. saman med motiverte medarbeidarar og kundar.
- Solide eigarar og eit grunnlag for å utvikla ein heilårleg reiselivsregion.
- Fjord Tours Group er ein sentral samarbeidspartnar med sterk fagleg tyngde.
- Eit kompetent og engasjert team.
- Du vil ha arbeidsstad i Hardanger, med kontor og forretningsadresse i Eidfjord.
- Løn- og arbeidsvilkår etter avtale.
- Ynskjer du å flytta til Eidfjord, kan vi vera behjelpeleg med bustad.
Kontaktinformasjon
Ved spørsmål, kontakt våre rådgjevarar hjå Bønes Virik, Liv Braathen på 488 49 499 eller Hege Solbakken på 91104141. Alle førespurnader til våre rådgjevarar vert behandla fortruleg inntil anna er avtala. Søknadsfrist er så snarast, og seinast 9. september.