Lingalaks AS er ein pioner innan norsk havbruk og berekraftig fiskeoppdrett med ambisjon om å være den foretrukne sjømatprodusenten. Dette er ein sentral leiarrolle i eit solid og veldrive selskap med føremål å produsera næringsrik mat der berekraft og god fiskehelse er rettesnorer.
Som CFO i Lingalaks vil du leia økonomi og finansfunksjonen, styra dei økonomiske ressursane, og få stor påverknad på den strategiske retninga. Du får ansvar for å sikra ei optimal drift og lønnsemd av selskapet og konsernet gjennom god økonomi- og risikostyring, leiarstøtte, overvaking av digital transformasjon innan finansfunksjonen, inkludert implementering av dataverktøy, automatisering av prosessar og bruk av data og innsikt for betra avgjerder.
Nokre viktig ansvarsområde vil vera
- Økonomistyring for Lingalaks og tilknytte konsernselskap
- Utarbeiding av økonomiske mål og -strategiar, investeringsplanar, budsjett og resultatoppfølging
- Økonomiske analysar og rapportering til styret, leiinga og styresmaktene
- Forretningsutvikling i selskapet/konsernet
- Finansstrategi og forvaltning
- Selskapsadministrasjonen og tilhøyrande funksjonar
- Personal-, HMS og IK- ansvar for avdelinga
Me ser etter deg som har master innan økonomi med fleire års dokumentert erfaring og gode resultat frå tilsvarande rolle. Det er ein stor fordel om denne erfaringa er frå havbruk og fiskeoppdrettsnæringa. Du har sterk økonomi- og rekneskapsforståing, solide analytiske eigenskapar. Kommunikasjonsevnene dine er gode, og du formidlar kompleks økonomisk informasjon på ein forståeleg måte. Det er eit ønske at du har erfaring frå prosjektstyring, og -leiing, gjerne på høgare organisatorisk nivå. I tidlegare roller har du vist at du er analytisk, strukturert, sjølvstendig og resultatorientert med evne til l langsiktig planlegging og tenking. Som leiar bidreg du til utvikling av medarbeidarane dine, fremjar samarbeid på tvers av avdelingar, involverer og engasjerer. Den faglege og personlege tryggleiken din gjer at du tør å utfordra, ta initiativ til forbetring og tenkja nytt. For oss er det viktig at du balanserer tradisjonelt finansielt ansvar med strategisk tenking, teknologisk innovasjon, og eit breitt spekter av tverrfaglege ferdigheiter for å driva selskapet framover i ei stadig meir kompleks næring med strenge krav og rask utvikling. Du har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne, er operativ, resultatorientert, nysgjerrig og omstillingsdyktig, har godt humør og ein "stå-på-haldning".
Me tilbyr meiningsfulle og inspirerande arbeidsoppgåver, med stor innverknad på eigen arbeidskvardag og utvikling. Stillinga rapporterer til dagleg leiar, inngår i leiargruppa og vil delta i styremøte i Lingalaks og fleire andre selskap i konsernet. Som CFO vil du tre inn i dagleg leiar sitt fråvær. Konkurransedyktige vilkår i eit stimulerande, dyktig og engasjerande kollegium, med gode kontortilhøve sentralt plassert i idylliske Norheimsund. Fysisk nærvær her vil vera ein føresetnad, men det vil vera mogleg å nytta kontoret vårt i Bergen nokre dagar i veka.
Om du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med rekrutteringspartnaren vår Bønes Virik Executive Search ved Managing Partner Anne S. Posner / 906 91.
Alle førespurnader blir behandla konfidensielt. Meld di interesse innan 15.4.24