Trainee i Klimapartnere Vestland
Vil du vere ein pådrivar for grøn omstilling i Vestland? Klimapartnere Vestland tilbyr ein av dei mest spennande traineestillingane i regionen for deg som brenn for berekraftig nærings-og samfunnsutvikling. Vi ser etter ein initiativrik og engasjert person som kan inngå som ein del av eit framoverlent team i Klimapartnere Vestland.
Klimapartnere er eit forpliktande fellesskap for verksemder som ønskjer å ta ei rolle som pådrivarar i det grøne skiftet. Partnarskapen i Vestland består av 70 verksemder i privat og offentleg sektor, som har forplikta seg til å jobbe systematisk for utsleppskutt. Vi tilbyr informasjon og rådgiving, arrangerer møte for læring og samarbeid, og fungerer som ein koplingsboks for grøn næringsutvikling i heile fylket.
Klimapartnere tar for seg FNs berekraftsmål 13 og 17: Stoppe klimaendringane, og samarbeid for å nå måla.
Klimapartnere Vestland er ein del av seksjon for Grøn vekst, klima og energi i avdeling for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune, og har to tilsette på fulltid.
Som trainee vil du være ein fullverdig del av teamet, og du vil få moglegheit til å påverke og utvikle arbeidet i partnarskapen i ei avgjerande tid for å nå målet om Vestland som ein nullutsleppsregion innan 2030.
KVALIFIKASJONAR:
Vi ser etter deg som brenn for berekraft, og som ser moglegheitene for næringslivet i det grøne skiftet. Du er ein kandidat med stor samfunnsinteresse og forståing for politikk, offentleg forvaltning og / eller næringsliv. Som ein del av teamet i Klimapartnere Vestland vil du jobbe med alt frå å forberede og gjennomføre arrangement, følge opp partnerverksemder, skrive artiklar og produsere innhald til sosiale medium.
Vi ønskjer ein kandidat som har:
- Relevant høgare utdanning, bachelor eller master.
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne.
- Erfaring med kommunikasjon, sosiale medium og webpublisering.
- Organisasjonserfaring eller næringslivserfaring.
- Erfaring med å organisere arrangement, enten i frivillig eller lønna arbeid.
- Forståing for forretningsdrift og grøn næringsutvikling.
- Kjennskap til berekraftsarbeid, klimaregnskap eller miljørapportering er ein fordel, men ikkje avgjerande.
ARBEIDSOPPGÅVER:
Vi søker en trainee som skal jobbe tett saman med leiinga i Klimapartnere Vestland, i en variert kvardag med høyt tempo. Arbeidsplass vil vere på Sandsli i Bergen. Du må rekne med noko reising innanfor fylket.
- Hjelpe til med å organisere og gjennomføre partnarmøter, seminar, webinar og andre arrangement i Klimapartnere Vestland.
- Skrive artiklar og publisere innhald på våre nettsider www.klimapartnere.no.
- Ha ansvar for innhaldsproduksjon og vidareutvikling av sosiale medium.
- Fungere som møtesekretær i interne og eksterne møter.
- Delta på oppfølgingsmøter med partnarane.
- Bidra i oppfølging av partnarane sitt klimaarbeid og klimarapportering.
- Delta i relevante forum i avdelinga i fylkeskommunen for å sikre god kommunikasjon og informasjonsflyt.
- Være ein motivator og pådrivar for Vestland som nullutsleppsregion.
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- Samfunnsinteressert.
- Engasjert i klima- og miljøspørsmål.
- Strukturert.
- Sjølvgåande og initiativrik.
- Positiv og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Gode sosiale ferdigheiter.
- Ansvarsfull.
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr :
- Motiverande og stimulerande arbeidsmiljø.
- Interessante og viktige oppgåver. Arbeid som gir resultat og samfunnsnytte.
- Arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte fagfolk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fleksibel arbeidstid.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
I tillegg får du som Trainee Vest-deltager:
- Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd.
- Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP).
- Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest).