Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å vere ei støtte for den strategiske leiargruppa i kommunen (kommunedirektør og fire kommunalsjefar). Øygarden er ein ny kommune, samanslått av tidlegare Sund, Fjell og Øygarden, og er derfor framleis inne i ein fase med endring, innovasjon, samtidig som det er viktig å konsolidere drifta. Å bygge ein felles kultur er viktig, og å tilpasse drifta til eit berekraftig nivå.
Ønskte kvalifikasjonar
Vi ønskjer ein høgt kvalifisert person, helst med utdanning på masternivå innan administrasjon og leiing. Dette fordi vedkommande skal operere på nivå 1 i kommunen, og må kunne sparre med ei kompetent og utfordrande leiargruppe. Det er også ønskjeleg at vedkommande har høg IT-kompetanse, då kravet til digitalisering er gjennomgripande i heile organisasjonen.
Det vil vere ein fordel med erfaring i prosjektleiing. Administrasjonsspråket er nynorsk, så kandidaten bør meistre dette.
Personlege eigenskaper
- Evne til samarbeid.
- Analytiske evner.
- Evne til å arbeide strukturert og sjøvstendig.
- Gode kommunikative ferdigheiter.
- Mot til å utfordre erfarne leiarar når det er nødvendig.
- Godt humør, - også når det kokar litt.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- IA-bedrift.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Interessante utfordringar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
I tillegg får du som trainee:
Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd.
Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP).
Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest).