Vil du vera med å byggja landets neste universitet? Då er traineestilling ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) det rette for deg.
Beskrivelse av arbeidsoppgåver
Høgskulen på Vestlandet skal etablere alumni, som er eit nettverk og ein historisk ressursbase for tidlegare studentar. Gjennom alumni vil studentane mellom anna få lettare tilgang på relevant kompetanse og kompetanseutvikling frå HVL gjennom samarbeid om forskingsprosjekt, gjesteførelesingar, studentoppgåver og praksis. Vi vil sikre kopling mellom alumni og karriereformidling for å byggje ei god bru mellom ferdige kandidatar og arbeidsliv, slik at så mange som mogleg kjem raskt ut i relevant arbeid. Alumni-databasen vil vere viktig inn mot høgskulen sitt marknadsførings- og rekrutteringsarbeid og i den institusjonelle kulturbygginga
Arbeidsoppgåver vil vere å:
- delta i eit team som skal initiere og støtte organisasjonen i arbeidet med å utvikle alumni
- ta del i ulike arbeidsoppgåver som f.eks:
- undersøke kva erfaringar andre institusjonar har med alumni
- kartlegge kva som kan gjere at noverande studentar ønskjer å bli med i eit alumni-nettverk
- utvikle og ta del i arbeid med å lage alumni-nettside
- starte opp alumni med å invitere inn eit utval kandidatar som er uteksaminerte frå HVL
- lage alumni for ulike fagområde i dialog med fakulteta
- lage oversyn for kandidatar som har sett særlege spor etter seg regionalt, nasjonalt og internasjonalt
Ønska kvalifikasjonar
- Mastergrad med relevans for den utlyste stillinga
- God kjennskap til høgare utdanning og høgskulen sitt samfunnsoppdrag
- God kunnskap om bruk av ulike digitale verktøy
- Det blir lagt stor vekt på evne til å kommunisere med studentar, kandidatar, tilsette og samarbeidspartar
- Gode analytiske evner
- God skriftleg og munnlegt framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk, og engelsk
Personlege eigenskaper
- Initiativrik og med evne til å vere ein pådrivar i utviklingsarbeid
- Gode samarbeidsevner og evne til sjølvstendig arbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, skriftleg og munnleg
- God gjennomføringsevne
- Evne til å byggje gjensidig tillit
Vi tilbyr
- Eit spennende og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Gode velferdsordninger
- Lønn etter avtale
I tillegg får du som trainee:
- Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd.
- Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP.
- Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest).