Vil du vera med å byggja landets neste universitet? Då er traineestilling ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) det rette for deg.
Beskrivelse av arbeidsoppgåver
Høgskulen på Vestlandet skal sikre at flest mogleg kan nytte seg av våre utdanningstilbod uavhengig av funksjonsevne. Krava om universell utforming av IKT-løysingar gjeld alle digitale løysingar retta mot studentar, både programvare og innhald. Det omfattar nettsider, e-læringsplattformar, digitale læremiddel, digital eksamen, appar og alt innhald som vert publisert gjennom løysingane, som til dømes ppt-dokument, word-filer, videoar og pdf- dokument.
Arbeidsoppgåver vil vere å:
- delta i team som skal initiere og støtte organisasjonen i arbeidet med universell utforming av det digitale læringsmiljøet
- utvikle og gjennomføre kurs, opplæring, rådgjeving og støtte til vitskapleg tilsette knytt til digitale løysingar og utforming av digitale læremiddel
- ta aktivt del i etablering, utvikling og vedlikehald av ressursar knytt til universell utforming
Ønska kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis utdanning på mastergradsnivå . Søkarar med anna relevant utdanning og yrkeserfaring kan vere aktuelle.
- God forståing for digitalisering og bruk av digitale verktøy.
- Kunnskap og engasjement for fagområde universell utforming.
- Det blir lagt vekt på evne til å kommunisere og motivere medarbeidarar.
- Gode analytiske evner.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk, og engelsk.
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og med evne til å vere ein pådrivar i utviklingsarbeid.
- Gode samarbeidsevner og evne til å byggje gjensidig tillit.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, skriftleg og munnleg.
- God gjennomføringsevne.
Vi tilbyr:
- Eit spennende og fagleg utfordrende arbeidsmiljø.
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid.
- Moglegheit for trening i arbeidstida.
- Gode velferdsordninger.
- Lønn etter avtale.
I tillegg får du som trainee:
- Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd.
- Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP).
- Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest).