NAV fylkeskontor Vestland søkjer trainee til fagområdet statistikk og analyse.
Ønskjer du å jobbe på eit felt som er viktig for samfunnet? Vil du jobbe med statistikk som media og samfunnet spør etter? Har du lyst å til lære korleis arbeidsmarknaden fungerer og kva for faktorar som påverkar utviklinga? Ønskjer du å bidra med data som dannar grunnlag for å velje dei rette arbeidsmarknadstiltaka? Då kan NAV fylkeskontor Vestland vere staden for deg. Kontoret har 45 tilsette og er bindeleddet mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og alle NAV-kontora i Vestland fylke.
Omtale av arbeidsoppgåver
- Greie ut, analysere og presentere data om status og trendar på viktige samfunnsområde.
- Ta aktivt del i samarbeid med viktige samfunnsaktørar.
- Bidra til å utvikle NAV Vestland gjennom eit tett samarbeid med regionane.
- Bidra til å analysere intern dokumentasjon av resultat og oppgåveløysing i NAV-kontora.
- Ta initiativ og kome med innspel til samfunnsdebatten på ansvarsområda til NAV og andre viktige samarbeidspartnarar.
- Utarbeide, gjennomføre og analysere undersøkingar retta mot brukarar og arbeidsmarknaden.
- Følgje opp og vidareutvikle system for styringsinformasjon.
- Utarbeide arbeidsmarknadsprognosar og bedriftsundersøkingar.
- Utarbeide og kvalitetssikre interne planverktøy, rapporterings- og analyseverktøy.
- Jobbe med interne utgreiingar og utviklingsarbeid på tvers av avdelingar.
Kvalifikasjonskrav:
- Utdanning på masternivå, gjerne med statistikk og programmering i fagkrinsen.
- Erfaring frå dataanalysar og bruk av statistikkverktøy.
- Gode analytiske eigenskapar og evne til å sjå samanhengar.
- Erfaring med å bruke visualiseringsverktøy (Tableau, PowerBI) og programmeringsspråk som Python, R, SQL, samt Excel på ekspertnivå.
- Dyktig til å framstille data og lage gode presentasjonar.
Personlege eigenskapar
- Samfunnsengasjert.
- Systematisk.
- Strukturert.
- Gode pedagogiske evner og samarbeidsevner.
- God i munnleg og skriftleg kommunikasjon.
Vi tilbyr:
Eit godt fagleg og sosialt miljø, høve til å trene i arbeidstida, høve til å reise rundt og bli kjend med kollegaer i heile fylket. Lønn som rådgivar, stillingskode 1434 lønstrinn 52 - 58.
I tillegg får du som trainee:
Gratis medlemskap i Bergen Næringsråd.
Gratis medlemskap i Bergen Unge Profesjonelle (Bergen UP).
Plass i traineeprogrammet til Bergen Næringsråd (Trainee Vest).