By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Highsoft AS blei etablert i 2011 og er i dag verdas leiande leverandør av visualiseringsverktøy på nett. Highsoft har hovudkontor i Vik i Sogn, med satelittkontor i Oslo og Bergen. Ny dagleg leiar sin kontorstad blir i Vik.
Med base i Noreg har vi utvikla produkt som blir brukte av selskap i heile verda. 99 % av omsetninga vår kjem frå utlandet. 80 av verdas 100 største selskap er på kundelista vår. Highsoft har i overkant av 30 tilsette, ei omsetning i 2020 på NOK 65,7 millionar og eit resultat før skatt på NOK 19 millionar. I tillegg arbeider 15 personar i partnerselskapet Black Label i Krakow. Verdiane våre er samarbeid, kvalitet og openheit.
Highsoft er selskapet bak produktet Highcharts, eit av dei leiande JavaScript-verktøya for visualisering av data på nett. Løysinga blir brukt av webutviklarar over heile verda, i små og store bedrifter. Når du ser eit diagram på ei nettside så er det store sjansar for at det er vår teknologi som er i bruk. Highcharts er eit solid, gjennomtesta produkt og er langt framme på universell utforming av diagram. Det dedikerte teamet vårt garanterer full funksjonalitet og problemfri bruk til kundane. Highcharts blir valt fordi det er anvendeleg, er lett å bruke og har god dokumentasjon.
For meir informasjon, sjå www.highsoft.com.
Noverande dagleg leiar trer tilbake etter å ha leia selskapet i eit tiår. Highsoft har eit solid fundament og er godt rigga for vidare vekst. Vi søkjer no etter etterfølgjaren hennar.
Dagleg leiar for Highsoft AS vil vere strategisk og operativt ansvarleg for utvikling og drift av selskapet i tråd med strategi, mål og styret sine vedtak.
Ansvarsområde
Strategisk og operativ leiing av Highsoft AS, medrekna økonomi-, resultat- og personalansvar.
Videreutvikle selskapet sin organisasjon og strategi.
Byggje og leie ei effektiv og velfungerande leiargruppe.
Tilretteleggje for innovasjon og vekst.
Motivere og inspirere medarbeidarane i selskapet og skape gode team med vilje til utvikling, kompetansedeling og samarbeid.
Scenarioplanleggjing og tilpassing til endringar i marknaden.
Representere Highsoft AS utad i relevante fora.
Rapportering til Styret og sikre at selskapet blir forsvarleg drive.
Kvalifikasjonar
Solid leiarerfaring og gode mellommenneskelege eigenskapar. Du gjer andre betre!
God teknologisk forståing.
Forretningsorientert og kundefokusert, med god forståing for software-bransjen.
Internasjonal forretningserfaring.
Strukturert, målretta, med prioriteringsevne og gjennomføringskraft.
Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Høgare utdanning.
Kvifor velje Highsoft og denne stillinga?
Unik mogelegheit til å leie eit ambisiøst selskap med globalt nedslagsfelt.
Solid marknadsposisjon og verdsleiande produkt.
Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Konkurransedyktige vilkår.
Ønskjer du ytterlegare informasjon er du velkommen til å ta kontakt med rekrutteringspartneren vår Bønes Virik Executive Search v/Arild Mjøs Andersen (91 60 65 09).
Søknadsfrist: 20. desember
Nøkkelord | Highcharts, Sogn, CEO, Leiarstilling, Highsoft, Vik, SaaS |
Bransjekategori | IT / Telekommunikasjon / Internett |
Bransje | Annet |
Alternativ bransjekategori | IT / Telekommunikasjon / Internett |
Alternativ bransje | Salg og markedsføring |
Arbeidsgiver | Highsoft AS |
Sentrumsgata 44 | |
6893 VIK I SOGN | |
Nettside | www.highsoft.com |
Søknadsfrist | 20.12.2021 |
Tittel | CEO |
Sektor | Privat |
Stilling | Fulltid |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Arild Mjøs Andersen Partner arild@bonesvirik.no +4791606509 |