Trainee i Klimapartnere Vestland
Vil du vere ein pådrivar for grøn omstilling i Vestland? Klimapartnere Vestland tilbyr ein av dei mest spennande traineestillingane i regionen for deg som brenn for berekraftig nærings-og samfunnsutvikling. Vi ser etter ein initiativrik og engasjert person som kan inngå som ein del av eit framoverlent team i Klimapartnere Vestland.
Med over 300 partnarar i heile landet, er Klimapartnere Noregs viktigaste partnarskap for grøn næringsutvikling. Partnarskapen i Vestland består av 65 verksemder i privat og offentleg sektor, som har forplikta seg til å jobbe systematisk for utsleppskutt. Vi tilbyr informasjon og rådgiving, arrangerer møte for læring og samarbeid, og fungerer som ein koplingsboks og pådrivar for grøn næringsutvikling i heile fylket.
Klimapartnere tar for seg FNs berekraftsmål 13 og 17: Stoppe klimaendringane, og samarbeid for å nå måla.
Klimapartnere Vestland er ein del av seksjon for Grøn vekst, klima og energi i avdeling for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune, og har to tilsette på fulltid.
Som trainee vil du være ein fullverdig del av teamet, og du vil få moglegheit til å påverke og utvikle arbeidet i partnarskapen i ei avgjerande tid for å nå målet om Vestland som ein nullutsleppsregion innan 2030.
KVALIFIKASJONAR:
Vi ser etter deg som brenn for berekraft, og som ser moglegheitene for næringslivet i det grøne skiftet. Du er ein kandidat med stor samfunnsinteresse, brei allmennkunnskap, og god evne til å sette deg inn i nye kunnskapsområde i rask utvikling.
Som ein del av teamet i Klimapartnere Vestland vil du kunne bruke kompetansen din på ei rekke område. Vi jobbar med alt frå energiomstilling, forretningsutvikling, klimarapportering, grøn transport og grøn digitalisering, til offentleg-privat samarbeid og sirkulærøkonomi.
Vi ønskjer ein kandidat som har:
- Relevant høgare utdanning, bachelor eller master
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Erfaring med sosiale medium og webpublisering
- Organisasjonserfaring eller næringslivserfaring
- Erfaring med å organisere arrangement, enten i frivillig eller lønna arbeid
- Forståing for forretningsdrift og grøn næringsutvikling
- Kjennskap til berekraftsarbeid, klimaregnskap eller miljørapportering er ein fordel, men ikkje avgjerande.
ARBEIDSOPPGÅVER:
Vi søker en trainee som skal jobbe tett saman med leiinga i Klimapartnere Vestland, og ta del i den daglige drifta av partnarskapen i heile fylket. Arbeidsplass vil vere på Sandsli i Bergen. Du må rekne med noko reising innanfor fylket .
- Hjelpe til med å organisere og gjennomføre partnarmøter, seminar, webinar og andre arrangement i Klimapartnere Vestland
- Fungere som møtesekretær i interne og eksterne møter
- Delta på oppfølgingsmøter med partnarane
- Bidra i oppfølging av partnarane sitt klimaarbeid og klimarapportering
- Delta i relevante forum i avdelinga i fylkeskommunen for å sikre god kommunikasjon og informasjonsflyt
- Skrive artiklar og publisere innhald på våre nettsider www.klimapartnere.no
- Bidra med innhald til og vidareutvikling av sosiale medium
- Være ein motivator og pådrivar for Vestland som nullutsleppsregion
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- Samfunnsinteressert
- Engasjert i klima- og miljøspørsmål
- Strukturert
- Positiv og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Gode sosiale ferdigheter
- Ansvarsfull
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr :
- Motiverande og stimulerande arbeidsmiljø
- Interessante og viktige oppgåver. Arbeid som gir resultat og samfunnsnytte.
- Arbeidsmiljø med høgt kvalifiserte fagfolk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd) .
- Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.