Om stillinga:
Er du vår nye drivande dyktige Administrerande Direktør? Østerbø Maskin AS treng ein toppleiar som vågar å vere med å skape og vidareutvikle eit lite «industrieventyr» i Ytre Sogn. Du får det overordna ansvaret for å styre selskapet i retninga styret stakar ut. Du må vere god på økonomi, folk, lagspel (meir enn fotball), strategi og ha ei gjennomslagskraft det går gjetord om. Du vil vere overordna ansvarleg for å skape ein attraktiv arbeidsplass som framleis skal vere kjend for å levere litande løysingar til kundane. Velkommen til Østerbø!
Til Østerbø Maskin AS søker vi no Administrerande Direktør som vil ha det overordna strategiske og operative ansvaret for å leie verksemda i tråd med rammevilkåra og målsettingane styret vedtek. Stillinga vil ha overordna ansvar for drift, utvikling og vekst i Østerbø, deriblant ansvar for økonomiske resultat og rapportering av nøkkeltal i alle forretningseiningar.
Som administrerande direktør er du overordna ansvarleg for å vidareutvikle organisasjonen og kulturen, samt sikre at Østerbø framleis leverer litande løysingar til kundane.
Hovudansvar og oppgåver
- Overordna ansvar for å gjennomføre og tilpasse mål og strategi vedteke av styret og leiargruppa, derunder innføring og oppfølging av desse
- Overordna ansvar for ekstern og intern kommunikasjon
- Sikre at bedrifta har oppdaterte og gode driftssystem
- Sikre at bedrifta tilpassar seg endringar i marknaden og utviklar seg i tråd med marknadspotensialet
- Skape ein attraktiv arbeidsplass gjennom vidareutvikling av kultur og medarbeidarar og sikre rett kompetanse på rett stad i organisasjonen
- Myndigheitskontakt og overordna HMS-ansvar
- Merkevarebygging og synlegheit
- Vidareutvikle eksisterande samarbeid og skape nye strategiske alliansar
- Bistand i eventuelle oppkjøpsprosessar med ansvar for integrering av nye selskap
Bakgrunn og kompetanse
- Relevant høgare utdanning – helst teknisk i kombinasjon med leiing og økonomi
- Minimum 5 års relevant leiarerfaring, helst industribedrift
- God økonomiforståing
- Bransjeerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
- Prosjektleiing og prosjektmetodikk
- Lean og prosessforbetring
- Erfaring med kultur- og organisasjonsbygging
- God IT-kompetanse, digital forståing og interesse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. God på formidling og innsal
Personlege eigenskapar
- Forretningsforståing: Du forstår verksemda sine strategiar og prioriteringar og brukar kunnskapen til å oppnå måla.
- Litande: Du etablerer truverd, møter utfordringar med rak rygg og andre menneske på ein god måte
- Sterk kommunikator: Du formidlar informasjon klart og lett, både munnleg og skriftleg.
- Relasjonsbyggar: Du søker stadig å etablere truverd, tillit og innflytelse hos kundar og andre. Samarbeider på tvers av etablerte rapporteringsliner.
- Lagspelar: Du set «vi» høgre enn «eg». Du motiverast av å gjere andre gode, deler ansvar og hjelper gruppa med å få jobben gjort.
- Resultatorientert: Du set utfordrande mål og jobbar hardt for å nå dei
Vi tilbyr
- Solid selskap med store vekstambisjonar
- Ei spennande stilling med stor moglegheit til å påverke
- God kultur, kompetente medarbeidarar som etterlever godt forankra verdiar
- Konkurransedyktige vilkår
Lokalisering og reise
Stillinga rapporterer til styret i Østerbø Maskin AS og arbeidsstad vil vere Østerbø og/eller Sløvåg.
Meir informasjon
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte Bønes Virik Executive Search:
Liv Braathen, Partner 488 49 499 eller Camilla Høgøy Helleseth, Executive Researcher, 464 26 866
Syns du dette er interessant? Send oss nokre ord om kvifor og legg ved CV-en din via:
https://bonesvirik.no/stillinger/. Søknadsfrist er søndag 29. september.